Astronomisenteret Kometland

Astronomisenteret Kometland

Siste nytt

siste nytt

Sesongstart 2010/2011 like om hjørnet

KometlandPosted by Knut Bernhard Aarseth Mon, July 26, 2010 19:45:33

Natt til søndag 1. august er for mange amatør-astronomar tidspunktet for då vi for alvor er i gong med ein ny sesong. Etter nokre lyse sommarmånader, er motivasjonen tilbake til ta fatt på ein ny og spennande sesong, under stjernehimmelen.

Dette er noko sikkert mange av oss gleder seg til, også her på Kometland, etter ein nokså "kjedeleg" sommar. Dei klaraste stjernene har allereide dukka fram på stjernehimmelen ved midnatt. Ser vi etter for vi lett auge på den raudaktige Arkturus i Bootes i vest. Høgt på himmelen i sørleg retning drar vi kjensel på Deneb i Cygnus og Vega i Lyra.

Eit stykke lenger nede på stjernehimmelen finn vi Altair i Ørna. Desse tre klare stjernene dannar det såkalla Sommartriangelet som ikkje er noko stjernebilde, men som ser ut som eit stort trekanta triangel på stjernehimmelen i sørleg retning.

Jau, dei er dei alle saman. Og vi gleder oss over gjensynet med dei og mange andre kjente stjerner og stjernebilde - vi er så glade i ! Sjølv om himmelbakgrunnen enno er i lysaste laget, er stjernehimmelen i sørleg retning så pass mørk at vi allereide - kan observere ei rekke fine objekt. Dessutan går det mot nymåne den 10. august. Så det er mykje interessant å sjå fram til.

Ei av dei største begivenheitene som intreff no tidleg på sesongen er meteor-svermen Perseidane - natta til den 12. august. Med ei gunstig månefase berre to dagar etter nymåne, kan dette forhåpentlegvis verte ei fin oppleving i sommarnatta under stjernehimmelen. Slike begivenheiter er ofte eit så fasinerande skue, at ein må berre oppleve det ! Men, som regel er det veret som øydelegg for oss. Måtte det ikkje verte slik i år.

Meir om meteorsvermen Perseidane seinare.

  • Comments(0)http://blogg.kometland.com/#post27

Stjernehimmelen i September

KometlandPosted by Knut Bernhard Aarseth Sun, August 31, 2008 18:03:12

smiley Fram til 10. september, går Månen ned så tidleg på kvelden, at vi kan observere dei stjernerike områda av Melkeveien og andre flotte objekt på mørk himmel utan sjenerande månelys. Gjensynet med Dobbelthopen i Perseus som er noko av det mest praktfulle vi kan observere på stjernehimmelen, er ting å sjå etter. Men også vår store nabogalakse i stjernebildet Andomeda høyrer med til favorittane på denne årstida. Mangfaldet er enormt - så der er mykje å velje mellom for oss astronomi-interesserte. Den klare "stjerna" vi ser lavt i sør-sørvest seint på kvelden er solsystemets største planet Jupiter. Planeten står i stjernebildet Sagittarius 23 grader sør for himmelekvator. Med kikkert kan vi sjå nokre av månane hans. Andre planetar vi kan observere no er Uranus og Neptun som er dei ytterste planetane i solsystemet vårt. Uranus den nærmaste av dei, befinn seg langt aust i stjernebildet Vassmannen (Aquarius) medan Neptun befinn seg i Steinbukken. Desse to fjerntliggande planetane kan berre observerast som planetskiver gjennom astronomiske teleskop med stor forstørring. Uranus som er den lyssterkaste av dei, kan sjåast sjølv i ein liten kikkert, men då som eit grønaktig stjernepunkt - som skil seg merkbart ut frå stjernebakgrunnen med sitt rolige lys. Neptun er meir blåaktig og ein del lyssvakare. Men, for å finne dei, må ein vite nøyaktig kvar ein finn dei på stjernehimmelen. Uranus som er i opposisjon til Sola 13. september, befinn seg då heile 3008 millionar km borte. Planeten står då rett i sør ved midnatt.

  • Comments(0)http://blogg.kometland.com/#post26

Bilder av Månen lagt ut

KometlandPosted by Knut Bernhard Aarseth Fri, April 18, 2008 14:10:56
smiley På bilder under Månen fotografert med eit Astrovid 2000.0 videokamera, blir stadig nye bilder av Månen lagt ut. Bilda er stort sett teke gjennom eit Celestron 10-tommar reflektor teleskop (f/4.7). Ei utfyllande tekst forklarar kva vi ser på bilda som er i svart/kvitt.

  • Comments(0)http://blogg.kometland.com/#post25

Fine månekveldar

KometlandPosted by Knut Bernhard Aarseth Fri, April 18, 2008 14:04:55
smiley Med det fine veret vi har no og mykje skyfri himmel, er det Månen og planeten Saturn som stort sett har vorte observert. Ei skuleklasse frå Folkestad skule vitja i går kveld Astronomisenteret Kometland. I påvente av at stjernehimmelen skulle bli litt mørkare, fekk dei ei grundig omvisning rundt om på senteret, der dei var innom Kometmuseet og nokre av observatoria. På stjernehimmelen var det Månen og planeten Saturn som stod gunstig til høgt på himmelen i sør, som fanga størst interesse. Med andre ord: fekk elevane i fylje læraren både eit interessant og rikt utbytte av kvelden, der dei m.a. fekk sjå Månen på storskjerm ! Og det var ei stor oppleving i seg sjølv !

  • Comments(0)http://blogg.kometland.com/#post24

Kometland på stands

KometlandPosted by Knut Bernhard Aarseth Wed, April 02, 2008 18:51:19

smiley "Kultur langs ferdavegen" var eit felles arrangement mellom sju komunar og med aktørar frå heile Søre Sunnmøre, som kom i stand med bakgrunn i ynskje om å markere opninga av Eiksundsambandet. På denne reiselivsmessa i miniformat som vert halde på Quality Hotel i Ulsteinvik sist søndag, hadde Astronomisenteret Kometland ein eigen stand som ein av dei få som representerte Volda komune. I løpet av ettermiddagen medllom klokka 16.00 -19.00 var det ein del av dei mange frammøtte på denne kulturelle samlinga som var innom Kometland sin stands, som hadde eit stort antal bilde store og små. Ei rekke nasjonale som internasjonale tidsskrift og avisutklipp der Komet Aarseth-Brewington var omtala, prega ein del av utstillinga. Det historiske teleskopet og stativet som kometen vart oppdaga med den gongen, var også utstilt. Med ordførar og kultursjef i Volda var tilstades, vart det ein vellukka kulturdag som vi som var med vil hugse med glede.

  • Comments(0)http://blogg.kometland.com/#post23

Månen fin å observere no

KometlandPosted by Knut Bernhard Aarseth Sat, March 15, 2008 11:27:47
smiley Med det fine veret vi har no med nesten skyfri stjernehimmel, var Månen eit flott syn i går kveld sett gjennom teleskopa på Astronomisenteret Kometland. Eit bilde teke gjennom eit Celestron 10-tommar teleskop, som viser dei nordaustlige områda av Månen som vart teke i går kveld med ein beskrivelse kva ein ser, er lagt ut på menyen "bilder" under Månen fotografert gjennom eit Astrovid 2000.0 Videokamera. Fleire bilde vil bli lagt ut etterkvart.

  • Comments(0)http://blogg.kometland.com/#post22

Ventar på stjerneklare kveldar

KometlandPosted by Knut Bernhard Aarseth Thu, March 06, 2008 16:46:34
smiley Fleire skuleklasser og andre interesserte i og utanfor Volda, har teke kontakt og har fått tildelt observasjonstid i påvente av at det dårlige veret vi har hatt i det siste skal betre seg. Ettersom det no nærmar seg slutten på 2007/2008 sesongen, bør interesserte i nærområdet ikkje vente for lenge om å bestille observasjonstid. Fram til midten av april kjem himmelen framleis til å vere mørk nok på sein kveldstid til at ein kan observere fjerntliggande objekt i Melkeveien og andre galaksar. Når det så gjeld observasjonar av Månen og spesielt planeten Saturn, kan dei observerast til mai.

  • Comments(0)http://blogg.kometland.com/#post21

Måneformørkinga glimtvis synleg frå Kometland

KometlandPosted by Knut Bernhard Aarseth Thu, February 21, 2008 10:35:04
smiley Den partielle delen av måneformørkinga som byrja klokka 02.43 kunne tydeleg sjåast glimtvis fleire gonger, frå Astronomisenteret Kometland. Men, etterkvart som Månen vart meir formørka og sjølve totaliteten nærma seg klokka 04.00., såg vi ingen ting i det stadig tettare skydekket på himmelen. Dessutan kom det litt lett yr etterkvart. Under den partielle delen av måneformørkinga kunne vi tydeleg sjå at Månen etterkvart byrja å få ein stadig meir mørkegrå-brunaktig farge etterkvart som formørkinga skreid fram. Men, så var det slutt. Under så dårlige verforhold, vart ikkje noko teleskop teke i bruk. Men dei som møtte opp fekk i allefall sjå litt av måneformørkinga, sjølv om vi var noko skuffa alle. Noko skikkeleg måne-stemning slik det har vore på Kometland så mange gonger før med mange frammøtte og gode observasjonsforhold, var det langt i frå denne gongen. Det sytte dei ugunstige verforholda og tidspunktet for.

  • Comments(0)http://blogg.kometland.com/#post20
Next »